Siste: 10/06/2008: Afghanistan-krigen – frå ille til verre
10/06/2008: Marknadstilpassing og sentralisering 10/06/2008: Noregs kommunistiske studentforbund 05/06/2008: Raudt sitt landsmøte - ustø kurs mot høgre |
Heim Eit kommunistparti? Oppdatert 10/03/2007 Om nedlegging av AKP Og korleis NKS held fram Partiet AKP har gjennom mange år gått attende. Dette gjeld kvantitativt når det gjeld aktive og betalande kadrar, og kvalitativt når det gjeld framhald av politiske standpunkt, utvikling av politiske spørsmål og politisk leiing av ymse klassekampspørsmål. Noko av det som har vore positivt dei seinare par åra i AKP, har likevel vore verving av ein del nye medlemer, forsøk på skulering av ein del av medlemene gjennom partiskulen og revitalisering av ein del Palkom-aktivitet rundt ikring. Utviklinga dei seinaste 15 åra Etter partisplittinga tidleg på 90-talet gjekk i hovudsak, og noko skjematisk sagt, ei ”høgrefløy” vidare inn i RV og ei ”venstrefløy” vart verande i AKP. AKP heldt fram med utvikling av forsøksvis kommunistisk teori og lokallagsorganisering som politisk grunneining i partiet, som eit meir tradisjonelt kommunistparti, medan RV konsentrerte seg mest omkring valkampane og bygging av distriktslag. Samstundes med dette kan det vere rett å oppsummere at denne utviklinga førde til at det no finnast kommunistar både som einskildindivid og organisatorisk både i og utanfor AKP. Vidare er det rett at det finnast sers mange dyktige og pliktoppfyllande folk både i AKP, RV, og i andre organisasjonar som t.d. Revolusjon og Tjen Folket. På den same tida har det utvikla seg ein praksis kor ein heller ikkje trong vere korkje serleg aktiv eller oppfylla tradisjonelle krav til å kunne kallast kommunist i AKP, noko som òg har vore med på å bryta ned partiet. Men det er rett å slå fast at om AKP slik det no er forsvinn, som alt no tydar på i samband med partisamanslåinga, so vil det som liknar mest på eit tradisjonelt kommunistparti forsvinna i Noreg. Det politiske grunnlaget for det nye partiet Dei to partia AKP og RV har utan tvil mykje av den same politikken, med unnatak av at RV ikkje har teke mål av seg til å vere eit kommunistisk parti og ikkje har gått inn for væpna revolusjon som naudsynt for å byggja sosialismen, noko som dels heng att frå tida som ein rein valfront og ”breifront” for AKP. Denne tendensen har styrkt seg etter at RV vart eit sjølvstendig parti, og det har vorte uttrykt klare antikommunistiske og borgarlege standpunkt frå leiande RVarar i pressa og elles. Typisk er den harde kampen som no rasar om ”Det nye partiet” skal vera og tore kalla seg eit kommunistisk parti eller ikkje. So langt er kommunismen som mål langt der framme i syningom nemnd ein gong i framlegget til ”Det nye partiet”, og det står sterk strid om omgrepet skal kunne nyttast både som namn, som organisasjonsmodell, og som politisk mål for dette nye partiprosjektet. So langt tydar det meste diverre på at AKP-leiinga har selt desse måla for å kunne samlast i eit parti i lag med RV. Alt so langt tyder på at det eventuelle nye partiet vil føre til ei samling på reformismen og ikkje på kommunismen sin grunn, slik at det nye partiet vert eit tradisjonelt venstre-sosialdemokratisk parti slik som t.d. SV var på 1970- og 80-talet. Samstundes har òg AKP i dei seinare åra ”gått til høgre” når det gjeld forsvar av dei sosialistiske landa og dei freistnadene på bygging av sosialismen som faktisk har vore gjennom historia, og slik gjeve dei antikommunistiske kreftane ammunisjon til å flytte posisjonane sine ytterlegare fram. Ordskiftet omkring det nye partiet I prosessen kring samanslåing av dei to partia har det vore mest eit organisatorisk ordskifte, om korleis partiet skal skipast og styrast i det daglege, mindre omkring politiske spørsmål, og direkte sparsamt når det gjeld ordskifte omkring politiske oppgåver og lokale miljø som ein skal satsa på, med unntak av veldig understreking av at me ålment treng meir krefter og meir folk til alle dei store kampane som går føre seg og som kjem. Kampen om kva for liner det nye partiet skal retta verksemda inn etter, har vore ganske fråverande, og få ”vanlege” medlemer har teke del i denne. Skilnadene på dei større byane og landet elles Tilhøvet mellom dei større byane har vore annleis og serskilt frå landet elles, av di det rundt i landet som hovudsak hev vore nett dei same folka som har drive fram båe organisasjonane og berre nyttar ulike partinamn ved ulike høve (dvs. RV og AKP). For desse kameratane kan det vere lett å skjøna at det ut frå reint organisatoriske grunnar kan vere mest hensiktsmessig å slå organisasjonane saman og at dei politiske skiljelinene på mange slike plassar er sers små eller omtrent ikkje til stades i det heile teke. Dei politiske skiljelinene er mykje større i dei større byane, med til dels heilt ulike og delvis innbyrdes politisk fiendtlege miljø. Lite tydar på at denne fiendskapen vil minka om ein ”samlar alle personane i ein sekk”. Kva er dei viktigaste spørsmåla i partiordskiftet nett no? Sett bort ifrå dei nemnde organisatoriske grunnane, er det serleg fire politiske spørsmål som skil seg ut som serleg viktige i partiordskiftet : Kva skal barnet heite? Skal det vere eit kommunistisk parti, bør kommunismen med i namnet! Korleis skal partiet organiserast? Kva skal vere avgjerande politisk – lokallag eller distriktslag? Kor stort sjølvstende skal lokallaga ha til å ha eigne satsar for medlemspengar for å syta for naudsynt økonomisk sjølvberging, og andre indre organisatoriske tilhøve, som t.d. ”anonyme”/ikkje offentlege medlemer , som AKP har praktisert ut frå politiske og personlege tryggingsomsyn? Kva skal vere den politiske hovudprioriteringa til dette tenkte nye partiet: Valkamp eller politisk klassekamp gjennom fagforeiningar, masseorganisasjonar og interesseorganisasjonar? I dei seinare åra har ”kjøtvekta” av RV tradisjonelt mest arbeidd med parlamentariske spørsmål gjennom kommunestyre og bydelsutval, og dimed som parti hatt valkamp som hovudprioritet. Sjølv om valkamp òg er sers viktig for kommunistar for å spreia og agitera for politikken og standpunkta sine, so har i hovudsak utanomparlamentarisk arbeid vore hovudarbeidsfeltet til denne typen av parti. Om ein har ei analyse av at staten styrast i hovudsak uavhengig av parlamentariske organ og ut ifrå klasseinteressene til borgarskapen, slik som kommunistane har, vert det utanomparlamentariske arbeidet utan tvil det viktigaste og kor ein kan etablera arenaer kor borgarskapen ikkje har all makt. I det utanomparlamentariske arbeidet har det hovudsakeleg vore mest vektlegging på massearbeid, på prioritering av spørsmål som er sentrale for arbeidarklassen og av politiske studie og analysar av samfunnet som har vore det viktigaste. Dette siste som naudsynt i prosessen med å utvikla folk som kommunistar og for slik å førebu bygginga av sosialismen i Noreg. Særegen organisering av studentar og intellektuelle Noko som har vore heilt borte frå ordskiftet omkring konstruksjonen av eit nytt parti, har vore organisering av og utvikling av politikk for og blant akademikarar, intellektuelle og studentar. Organisasjonen som ifylgje lovane til AKP er partiet sin studentorganisasjon, NKS, har ikkje vorte nemnd i ordskiftet i det heile. Dette har fleire årsaker. Hovudårsaken er at det i mange år har vore politisk usemje mellom AKP og NKS når det gjeld vurderinga av tilhøva i tidlegare sosialistiske land, som t.d. Kina i ein relativt lang periode etter Mao, og i synet på dei intellektuelle si rolle i klassekampen, og kva for sjølvstendige og legitime interesser som naudsynte allierte for arbeidarklassen som desse viktige gruppene av folket har. I dei seinare åra har det òg vorte hevda frå AKP at NKS har vorten ein for liten og innetterretta organisasjon til at han kan spela ei viktig nok rolle, utan at partiet har vurdert dei eventuelle grunnane til det og analysert si eiga rolla og praksis overfor studentforbundet noko nærare av den grunn. Til tross for dette driv NKS eit relativt omfattande studie- og forskingsarbeid m.a. når det gjeld utviklinga innanfor høgare utdanning, og NKSarar speler ei viktig rolle i massearbeidet, serleg når det gjeld EU- og målkampen. Ut frå dei nemnde årsakene har NKS vorte halden heilt utanfor ordskiftet omkring ”nytt parti”, med unnatak av dei som har delteke som dobbeltmedlemer av partiet, og dimed òg det samlingsstrevet som leiingane i AKP, RV og delvis RU har teke del i dei siste månadane. NKS som organisasjon har då rett nok heller ikkje ytra noko serskilt ynskje om å vere med på denne prosessen. Uavhengig av dette treng Noreg framleis ei sereigen organisering og politikkutvikling for studentar, intellektuelle og akademikarar: Ein organisasjon som tek mål av seg til å vere med vidare i striden for desse gruppene, som er so naudsynte allierte for arbeidarklassa sin kamp for sosial frigjering og sosialisme i Noreg, og til å studere marxismen-leninismen, utarbeida politiske analysar på ulike område av samfunnslivet og utvikla nye kommunistar i Noreg. Naudsynt med bygging av eit nytt kommunistisk parti i Noreg På bakgrunn av dette vil NKS halda fram som eigen og sjølvstendig organisasjon, med hovudvekt på desse spørsmåla. Dette tyder at ein vil samarbeida med andre kommunistar, progressive og revolusjonære organisasjonar og einskildindivid som måtte finnast – om då dette vil vere i ”Det nye partiet ” eller andre, omkring konkrete spørsmål og oppgåver der det måtte vere grunnlag for det. Studiar av marxismen-leninismen og utvikling av ny politikk på ulike felt av klassekampen i Noreg vil her vera sentralt og naudsynt. Elles vil ein etter evne stå for og utvikla eigen politikk og organisasjon når og der det er grunnlag for det. Grunnlaget for å gjere dette vil no vera betre enn på lenge, då dei gamle og hemjande partistrukturane både i RV og AKP etter alle solemerke vil falle bort, noko som kan gje grobotn for ny vokster. Slik kan nye politiske organisasjonar veksa fram utan å dra på gamle motseiingar mellom folk, og byggja på nye og unge folk i staden for dei som har sitte i dei same posisjonane i tital av år, eller dei som ikkje burde ha vore i nærleiken av å vere organisert i revolusjonære og kommunistiske organisasjonar. NKS meiner røynlege kommunistar må vera organisert i eit kommunistisk parti, og det vil vi arbeida for. Vi vil snu ein dårleg ting til ein god. Tilbake | Toppen | Utskriftsvenleg |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noregs kommunistiske studentforbund © 2008 • Design (txt) arnestad.org • phpWCMS |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||