Siste: 10/06/2008: Afghanistan-krigen – frå ille til verre
10/06/2008: Marknadstilpassing og sentralisering 10/06/2008: Noregs kommunistiske studentforbund 05/06/2008: Raudt sitt landsmøte - ustø kurs mot høgre |
Heim Eit kommunistparti? Oppdatert 23/06/2007 Kan Raudt bli eit kommunistparti? Innlegg på Raudts e-postliste Ein del tidlegare AKParar meiner Raudt har kimen i seg til å bli eit kommunistparti. Nokre av desse har teke til orde for å kasta kommunistar ut av partiet Raudt, då dei definerer prosjekt dei er med på, som konkurrerande til Raudt. Men dersom Raudt skal bli eit kommunistisk parti, er neppe løysinga å kasta ut kommunistane. Dei som hevdar dette, har eit logisk forklaringsproblem. Vel, historia viser heller ingen døme på at reformistiske partiprosjekt har vorte til kommunistparti (anna enn kan henda i namnet), og eg undrast også noko over tanken då å leggja ned det beste utgangspunktet for å organisera kommunistar i Noreg tydelegvis var reiskapen for å få til eit partiprosjekt som var nytt og betre enn det me hadde, me som var organisert i AKP. Eg undrast også over at eit uforpliktande politisk fellesskap (som Raudt er – det skal tross alt berre vera slik at medlemene oppfordrast til å delta i sine lag) skal vera betre enn kommunistisk organisering slik eg opplever at AKP var organisert. Der var det tross alt lagsorganisering kor ein hadde politiske fellesskap for diskusjon av teori og utvikling av praksis. At AKP vart lagt ned, var eit skritt attende og eit skritt til høgre for den norske venstresida. Gode brødkrav kan ikkje endra på at ein missa mange ting ved at AKP likviditerte seg sjølv (ei innleiing av underteikna på seminaret til Kommunistisk plattform for ei tid tilbake om Raudt kan lesast her: http://kpml.no/index.php?option=com_content&task=view&id=35&Itemid=36. Nokre av tinga ein missa, var; Gamle sosialdemokratiske fraser er drøvtygde på nytt og i likskap med SVs program vil ein ha eit samfunn kor alle skal ha det litt betre, ein vil ”utvida demokratiet” og meiner at problemet med dagens borgarleg-demokratiske samfunn, er at kapitalistane har for mykje makt. At partiet dessutan har vedtekter som ikkje er særleg meir forpliktande enn eit musikkorps (ja, kan henda mindre forpliktande? I fotballag og musikkorps er det UAKSEPTABELT å ikkje stilla opp på dugnad for ungane sine), kan vel ikkje vera tilfredsstillande for kommunistar? For eit kommunistisk parti er det viktigare med kvaliteten på medlemene enn kvantiteten. For eit revolusjonært masseparti kan dette vera annleis. Framstøytar på å skapa eit kommunistisk masseparti har i regelen vore eit påskot til å gje innpass for revisjonistiske og reformistiske tankeretningar. Røynslene me har gjort av historia syner heller at eit masseparti må stå under politisk leiing av eit kommunistisk fortroppsparti for å fylla si rolle på revolusjonært vis. Tross veikskapane ved AKP, finns det særs gode argument for å hevda at dei negative utviklingstrekka til RV dei siste 10-15 åra auka proporsjonalt med AKPs eiga opportunistiske utglidning, det vil seie at AKP si evne til politisk og ideologisk leiarskap vart svekka. Me meiner òg at medlemane av Raudt har krav på ei avklaring om kva slags parti dei er med i: For oss marxist-leninistar er det i alle høve klårt at eit parti som kan framstå som ”kommunistisk” og antikommunistisk på ein og same tid er langt frå å vera noko i nærleiken av et bolsjevikisk parti. Kor er den ”jarnharde” disiplinen i Raudt som kommunistpartiet må ha? Er dette noko som skal koma etter kvart? (”Jarnhard” er disiplinen av di det er friviljug (stort sett) å vera med i eit politisk parti – nokre av oss segla inn i Raudt av di partiet me var med i, vart lagt ned mot vår vilje). Raudt, klassekarakter, proletariatets diktatur og andre parti For kommunistar er det naudsynt å understreka at staten under sosialismen, er arbeidarklassen sin stat. Staten har i alle høve ein klassekarakter – under kapitalismen er det borgarskapet som pregar staten – etter revolusjonen, dersom han lukkast, må det vera arbeidarklassen som set sitt preg på staten – eller kort sagt, som byggjer si eiga statsmakt. Ergo vil staten ha ein klassekarakter då også – arbeidarklassen sin karakter. Staten er i alle samfunn me kjenner til og har sett, vore ein reiskap for den herskande klassen til å halda dei andre klassane nede – under sosialismen vil det vera arbeidarklassen sin reiskap. Denne reiskapen må klassen nytta til å halda borgarskapet og andre fiendar av sosialismen nede. I Raudt sitt program blir dei ulike tydingane av ordet stat blanda saman til ei suppe; me har den ”positive” staten, den som administrerer velferden – og me har staten som reiskap for dei som har makta (kapitalistane). Det dominerande synet på sosialdemokratiet er også umarxistisk. Sterke krefter i Raudt ynskjer å vera eit venstrekorrektiv til SV, som igjen er venstrekorrektivet til DNA. DNA er ikkje vår føretrekne administrator av kapitalen, slik ungdomsforbundet sin leiar Mimir Kristjansson freista hevda i polemikken sin med Kenneth Fuglemsmo i Klassekampen 16. april i år. Men DNA har gong på gong vore kapitalen sin eigen føretrekte administrator. Kven var det som fekk oppgåva då Borten-regjeringa ikkje klarte å føra Noreg inn i EEC i 1971? Kven var det som fekk same oppgåve på byrjinga av 1990-talet? Det var Det norske arbeidarparti. Sosialdemokratiet pyntar seg i ein sosialistisk frakk og oppgåvene deira hadde vorte kraftig undergrevne dersom kapitalen vart sprøyta rett inn i partikassa. Heller plyndrar ein vanlege arbeidsfolk for fagforeiningspengane sine og køyrer dei inn i ”valkampstøtte” til dei sosialdemokratiske partia DNA og SV. Sosialdemokratane fekk også oppgåva med å byggja ned velferdsstaten no som privatkapitalen treng plass til å ekspandera. Høgresida var nemleg ein ueigna reiskap – gjennom den klamme ideologiske og organisatoriske kloa sosialdemokratiet har rundt arbeidarklassen, var dei så mange gonger betre til å setja dette i gong med new public management og alt dette heiter (Dette har Erling Folkvord skrive hundrevis av utmerka sider om i bøkene sine). 22. juni melde Dagsnytt at staten har kjøpt seg inn i Aker Kværner. Det tyder nye milliardar i lomma på Røkke. Det er ikkje rart den mannen røystar Arbeidarpartiet. Arbeidarpartiet er like mykje ein fiende av arbeidsfolk som Høgre og Framstegspartiet. I Noreg i dag er ein likevel i ein situasjon at staten er så rik at han kan pøsa på litt pengar i trygd og andre milde gåver som held opprøret nede. Enn så lengje. Det trengst eit kommunistisk parti. Framleis. Raudt kan ikkje bli det. Kommunistar må organisera seg kommunistisk. Dersom Raudt skal bli eit kommunistisk parti, så er neppe løysinga å kasta ut kommunistane derfrå. Eit kommunistisk parti har ikkje parlamentarisk representasjon og taburettar som fremste mål, og er slik sett ingen konkurrent til Raudt. Ideologisk og teoretisk vil me samstundes slåss med nebb og klør imot alle utslag av reformistisk, revisjonistisk og antikommunistisk tenkning og praktisk politikk som Raudt måtte oppvisa. Det er ein kamp me vil føra med blanke våpen. Dersom kommunistar blir erklært uynskt i Raudt av den grunn, kan det berre skyldas at nokon er redde for å argumentera teoretisk og politisk imot marxist-leninistane. Tilbake | Toppen | Utskriftsvenleg |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noregs kommunistiske studentforbund © 2008 • Design (txt) arnestad.org • phpWCMS |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||