Siste:


Heim > Studentpolitikk

Oppdatert 10/06/2008

Marknadstilpassing og sentralisering
Stjernø-utvalet: Sett under ett.

Utvalet vart leidd av Steinar Stjernø, tidlegare rektor ved Høgskulen i Oslo. Arbeidet tok til i mai 2006, og sluttrapporten vart presentert i januar 2008. 

Mandatet var mellom anna å vurdera utviklinga i høgre utdaning dei komande 10-20 åra. Her fylgjer ein gjennomgang av viktige sider ved rapporten.

Nokre hovudinntrykk som rapporten gjev:

  • Sentralisering av norsk høgre utdaning.

  • Regional integrering.

  • Profesjonalisering av styret.

  • Nedbyggjing av demokratiet.

Det nye liberalistiske regimet skaut fart under utdaningsminister Jon Lilletun (Bondevik I 1997-2000). Høgskular og universitet skulle sjølve skipa og leggja ned studietilbod. Tildeling av doktorgrad skulle òg gjelda for høgskular, ikkje berre universitet og vitskaplege høgskular. Fyrst ut var Høgskulen i Stavanger, som i 1999 fekk tildelt doktorgrad i offshore- og petroleumsteknologi. Det har skjedd ei gradvis oppmjuking av skiljet mellom høgskule og universitet. Høgskulane kan få opprykk so sant dei stettar visse vilkår: Fire doktorgrader og fem mastergrader.

Auken i studenttalet har vore eksplosiv og langt høgre enn det Hernes-utvalet frå 1987 spådde. Gudmund Hernes såg føre seg at studenttalet innan 1995 skulle auka til 105 000. I staden vart det 170 000. Samfunnet gjennomgår ei sterk urbanisering. Det er serskilt dei folketette områda som hev sterk auke i studenttalet (Oslo, Akershus, Rogaland og Hordaland). På den andre enden av skalaen finn me Finnmark, Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Nord-Trøndelag. Universitet og høgskular har gjennom mange år gått frå å vera eliteinstitusjonar til å verta masseutdaningsinstitusjonar.

”Smådriftsulemper”

OECD kom med ein rapport om den norske utdaningsstoda i 2006. Organisasjonen rådde til meir profesjonell styring, sterkare vending mot samfunnet, og tettare og meir formalisert kopling til arbeids- og næringslivet. Det vart reist spørsmål ved ”smådriftsulemper” og lokalisering. Er kvaliteten ved små studiestader god nok? Kva med konkurransen om forskingsmidlane? OECD vil ha publisert indikatorar som viser kor godt ein arbeider andsynes samfunn og studentar. Ein passa òg på å nemna omsynet til underrepresenterte grupper (innvandrarar, kvinner), men alt i alt peika tilrådingane i marknadsliberalistisk leid.

Små og store lærestader

Nye norske universitet har kome til dei siste åra: I 2005 Universitet i Stavanger og Universitetet for miljø og biovitskap (på Ås). I 2007: Universitetet i Agder. Neste ut kan vera Høgskulen i Bodø. Høgskulen i Tromsø planlegg samanslåing med UiTø, Innlandsuniversitetet for Hedmark og Oppland er ein visjon rundt Mjøsbygdene. I Vestfold og Buskerud vil dei ha universitetet i Vest-Viken. Kan henda vil BI òg verta universitet. Det er i det heile mange universitetspretendentar. Det siste tiåret har me sett eit sant jag etter universitetstittelen.

Det er sume små utsette høgskular, t.d. Narvik og Nesna. Demografi og studenttal trugar desse lærestadene. Høgskulen i Finnmark høyrer med i same gruppa, men der er det no aukande fødselstal i området. Små lærestader har òg ei utfordring òg med tanke på rekruttering av vitskapleg tilsette. Stjernø-utvalet talar om uheldig spreiding av ressursane, lite rekrutteringsgrunnlag, studietilbod som har meir preg av fritidstilbod (s. 53). Små fagmiljø har lågare ”produktivitet” enn store. Større krav til at universitet og høgskular skal gjeva tilskot til økonomisk, kulturell og sosial utvikling.

Høgskulereforma gav ein sterk reduksjon av høgskular i 1994. Talet på høgskular vart nedskore frå 96 til 28. Universitetsomgrepet er òg endra, som me har sett. Alt dette er i tråd med den internasjonale utviklinga.

Dei siste åra er det skipa 60 nye mastergrader ved statlege høgskular. Høgskulane i Oppland og Hedmark har åleine skipa 20 nye mastergrader. Vona deira er å verta Innlandsuniversitetet. Stjernø-utvalet dreg fram fåren for overetablering og mange småe fagmiljø. Dette vil vera ei uheldig oppsplitting.

Det går òg føre seg reformer i høgre utdaning i grannelanda våre. Danmark har no åtte universitet, Finland 20 og Sverike 21. Til samanlikning har delstaten Wisconsin i USA (med 5,5 mill. ibuarar) to offentlege universitet som tildeler doktorgrad. Bak reformene ligg spørsmål om kvalitet og effektivitet. Stjernø peikar på at Noreg ligg etter når det gjeld avleggjing av vekttal.

Omsynet til master- og doktorgradsutdaning gjer det naudsynt med organisering i større institusjonar enn i dag, hevdar Stjernø. Det skal skipast forskarskular for framtida, som er robuste og effektive når det gjeld styring og omstilling.

Ymse modellar for utdaningsinstitusjonane

Fleircampusmodellen. Gjennomgangstonen internasjonalt er fusjonar og konsortium. Miljøa skal verta slagkraftige og konkurranseføre. I Danmark fylgjer regjeringa ein globaliseringsstrategi. Fusjonane i utdaninga skal vera baserte på ”tvungen frivillighed”. Tri superuniversitet fær mesteparten av ressursane, Københavns universitet, Aarhus’ universitet og Danmarks Tekniske Universitet. Desse universiteta skal kunna konkurrera i eliteklassa mellom dei beste i utlandet. I Finland har skepsis kome til uttrykk ved Helsinki Universitet med protestar mot gagnlaus konkurranse om forskingsmidlar.

Alle utdaningsmodellane til Stjernø er laga for at ingen institusjonar skal kunna stå utanfor (bortsett frå Universitetet i Oslo). Stjernø hevdar at sterkare statleg styring av universitet og høgskular er å skru klokka attende.

Noreg skal delast inn i landsdelar, regionar, i alt sju område. Kjem dette til å svara til dei framtidige regionane når fylkeskommunane er avskaffa? Kravet til minstestorleik på studiestadene skal vera 1500 studentar. Det skal eventuelt gjerast nasjonale vedtak om nedleggjing av enkelte studiestader. Berre lærestader som kan visa til høg kvalitet og god kostnadseffektivitet, har von om å berga seg (s. 63). Minstekravet her vil venteleg stengja døra på ei rad små lærestader i Distrikts-Noreg.

Fleircampusmodellen gjev 8 universitet. Universitetet i Nord-Noreg (alt sør til Nesna), NTNU (heile Midt-Noreg), Universitetet i Vest-Noreg (alt i Hordaland og Sogn og Fjordane), Universitetet i Sørvest-Noreg (Stavanger og Agder), Universitetet i Vest-Viken (Telemark, Vestfold og Buskerud), Innlandsuniversitet (Oppland og Hedmark), Universitetet i Aust-Noreg (UMB, høgskulane i Oslo, Akershus og Østfold), og til slutt UiO.

Med storhøgskulemodellen tenkjer ein seg å halda på systemet med universitet og høgskular, men det vil vera vanskeleg å stogga ein påbyrja prosess fram mot universitetsstatus. Netverksmodellen har ei meir open geografisk inndeling. Eit universitet skal likevel vera sentret. Prosess- og differensieringsmodellen gjev ei fleksibel løysing utan fastlagt resultat.

Institusjonar som ikkje fyller krava (akkredittering), kan verta pålagde å fusjonera. Styremaktene fastset råmene for samanslåingsprosessen.

Stjernø-utvalet hevdar forskingsmiljø bør vera over ein viss kritisk storleik. Dei bør ha ei evne til å overleva svingingar i studenttalet, og berre store institusjonar kan frigjera ressursa til nye satsingar, og dessutan finna alternative oppgåver til personale som det ikkje er same trongen for lenger.

Sjølvstendige institusjonar er betre til å realisera strukturendringar, meiner Stjernø-utvalet. Difor tykkjer utvalet at det er so viktig med eksterne folk i styret og einskapleg leiing, dvs. tilsett rektor.

Nye fleircampusuniversitet skal ikkje ha eit overstyre. Dei gamle styra skal bort. Styremaktene bør løyva omstillingsmidlar, m.a. for å blidgjera interne grupper, som det heiter. Fusjonane skal i minst mogeleg mun vera påtvinga. Likevel innser utvalet at fåren for handlingslamming og at ”serinteresser” kjem til å blokkera nye løysingar, er overhengande. Tilsette og studentar som slæst for å halda oppe arbeids- og studieplassar, fær her passet sitt påskrive. Fleircampusmodellen, hevdar Stjernø-utvalet, har størst gevinst (nettonytte), men òg høgre risiko.

Leiing

Utvalet gjer framlegg om å lovfesta ein styringsmodell med einskapleg leiding og ekstern styreleidar. Vald rektor har vanskar med å fatta avgjerder som møter motstand. Kven er den øvste styremakta? Styret eller rektor? Men sett frå andre sida: Er det ikkje bra at ein demokratisk vald rektor møter motstand mot ein politikk studentar og tilsette er imot?

Klåre styringsliner vert etterlyste. Det er viktig å vera avgjerdsfør. Utvalet meiner dessutan at tilsett rektor lyt vera medlem av styret ved universitet og høgskular i Noreg. Styra skal heller ikkje verta for store. Det bør ikkje ha fleire enn elleve medlemer.

Store einingar vil gjera fråstanden mellom studentar og tilsette på den eine sida – og den øvste leidinga på hi større. Dette gjev utfordringar med omsyn til styring, deltaking og legitimitet. Kva med aukande byråkratisering? Stjernø etterspør sterke styrings- og leidingsstrukturar som ”endringsagentar”! Desse skal vera i stand til å prioritera. Utvalet argumenterer med at den faktiske nærleiken til ein leidar er viktigare enn om ho/han er vald eller tilsett. Nedbyggjinga av dei kollegiale organa og utviklinga mot sterkare leidarroller har aksellerert etter den sokalla kvalitetsreforma. Det moderne er management-orienterte styringsformer. Demokratiunderskot har vorte eit kjent omgrep.

Kritikk av ”kvalitetsreforma”

Kunnskapsdepartementet tinga våren 2007 ei vurdering av kvalitetsreforma, leidd av professor Steinar Vagstad. Sluttrapporten til forskargruppa seier at kombinasjonen av styring og insentiv er god og fører til fokus på resultat – men det er kvantitet og ikkje kvalitet som vert premiert. Alt har fått teljekantar. Auka kontroll fører til redusert handlefridom. Det er feil å kutta i basisløyvinga for då kann det opplevast som straff for institusjonar som har framgang. Leidingane hevdar at effektiv ressursbruk er lettare etter reforma. No framstår òg institusjonane som marknadsaktørar i større mun enn før (s. 106). Større innslag av marknadsliknande styringsmekanismar er medverkande årsak til ymse problem: Høg detaljeringsgrad i tildelingsbrev, rapporteringskrav, resultatbasert finansiering, krav om oppfylgjing,

EU og utdaningspolitikken

Bakteppet for utviklinga finn me i Lisboa-strategien, som EU vedtok i mars 2000. Målsetnaden var at EU skulle verta den mest dynamiske og tevleføre, kunnskapsbaserte økonomien i verda innan 2010. Strategien skal òg fremja sosial utjamning og miljø. EU ser på USA som ein modell når det gjeld endring av universitetet og ottast å sigla akterut for Kina og India. Bologna-prosessen har òg sidan 1999 gjort det europeiske utdaningsområdet meir einslaga og einskapleg.

Ikkje-medlemslandet Noreg skal yta 9,3 milliardar i åra 2007-2013 til EUs 7. rammeprogram. Me har òg forplikta oss til å yta meir etter kvart (s. 130).

EU har sett på problemet med å byggja institusjonane som kan respondera snøgt på endra krav frå samfunnet. Utdaningsstadene skal forsyna samfunnet med turvande kompetanse. Bedriftslike prinsipp skal vera retningsgjevande. Utviklinga av høgre utdaning i EU må sjåast i ljos av dei europeiske integrasjonsprosessane.

Nye eliteinstitusjonar vert skipa. Tyskland satsar spesielt på nokre få universitet. Universitetet i Utrecht i Nederland skal vera i eliteklassa med topp fagleg nivå og rekruttering av dei beste studentane, dvs. ha ein flaggskipeffekt. Talemåtar om dei beste menneskelege ressursane vitnar om tingleggjering.

Times Higher Education Supplement (THES) er eit uttrykk for rangeringa av universitet internasjonalt. Tabellane vert sette opp på grunnlag av fagfellevurderingar, utrekning av sitat per vitskapleg tilsett, talet på studentar og tilsette frå andre land, høvetalet student – lærar og synsmåtane til arbeidsgjevarane. Frå 2005 til 2007 fall Universitetet i Oslo frå 138. plass til 188. plass.

Tevlinga om forskingsmidlar hardnar til. EUs rammeprogram kjem til å retta seg meir inn på grunnforsking. Det vert vanskelegare å fylgja institusjonsspesifikke og nasjonale strategiar. Stortinget har for få år sidan avvist ei differenisering etter dette mønsteret, men utvalet meiner at tildeling av nasjonalt hovudandsvar bør vurderast.

Engelsk mål fær større rom i undervisninga i Noreg. Det vert no tilbode 180 engelsk-språklege masterprogram, og det er eit omfattande kurstilbod for bachelor-graden òg på engelsk. Kvalitetsreforma slo fast at lærestadene skal tilby undervisning på engelsk. Føresegna om at norsk til vanleg er opplæringsmålet, er teki burt. Norske studentar kan difor vera nøydde til å fylgja undervisning på engelsk.

Noreg er ein av dei mest aktive deltakarane i Bologna-prosessen (s. 166). Reformene skal stø opp om norske utanrikspolitiske tiltak, m.a. med forsking og studentmobilitet. Ny stortingsmelding om internasjonalisering av utdaninga er varsla hausten 2008.

Progressiv dissens

Dissensen til Marianne Harg (med bakgrunn i Hydro/Techna) er forvitneleg. Ho stør opp om dagens utdaningssystem, og er kritisk til store institusjonar med større fråstand mellom styrande organ og fagmiljø. Ho meiner dette òg vil føra til færre eksterne representantar totalt og med det mindre samfunnskontakt. I staden vil ho tydeleggjera eigenarten (serhåtten) til kvar institusjon for å hindra at alle vil verta universitet. Kunnskapsdepartementet.bør som eigar taka meir del i utforminga av institusjonane. Praksisdelen av profesjonsutdaningane vil lida innanfor ei universitetsråme. Harg vil ha desentraliserte og fleksible utdaningstilbod. Relevant praksis frå arbeidslivet bør telja meir. Akademiske merittar bør spela ei mindre rolle.

Stjernø-utvalet har med rette møtt motbør på mange punkt. Ellen Dalen, leidar i NTL 90 (Universitetet i Oslo), seier: ”Stjernø fortsetter nedbrytingen av universitetsdemokratiet” (Ny Giv nr. 1 2008). Det er lærerikt å sjå at SV’aren Stjernø legg fram ei innstilling som held fram med marknadsliberaliseringa som Mjøs- og Ryssdal-utvalet byrja med. ”Akademikarpartiet” SV sviktar altso i denne saka òg. Det norske samfunnet er godt tent med ein desentralisert utdaningsmodell – høgre utdaning spelar òg ei viktig rolle i mange bygdesamfunn. Kortsynte krav om inntening bør ikkje sperra for å halda oppe eit variert studietilbod omkring i landet. Universitet og høgskular fungerer ikkje som private verksemder, men må drivast langsiktig og prinsipielt utan at kapitalinteressene skal diktera prioriteringane. Framifrå forsking kan òg gjennomførast på mindre lærestader – kvalitet og storleik fylgjer ikkje einannan proporsjonalt. Problemet for OECD, EU og Stjernø er at kvalitet ikkje alltid er so lett å telja og taka mål av, trass i allslags internasjonale rangeringssystem.

Forsvar norsk desentralisert utdaning – legg Stjernø på is!



Tilbake | Toppen | Utskriftsvenleg

Noregs kommunistiske studentforbund © 2008 • Design (txt) arnestad.orgphpWCMS