Siste: 10/06/2008: Afghanistan-krigen – frå ille til verre
10/06/2008: Marknadstilpassing og sentralisering 10/06/2008: Noregs kommunistiske studentforbund 05/06/2008: Raudt sitt landsmøte - ustø kurs mot høgre |
Heim Fråsegner Oppdatert 10/06/2008 Afghanistan-krigen – frå ille til verre Det folkerettsstridige åtaket mot Afghanistan i 2001 førde til ein blodig og endelaus okkupasjon. Bush-administrasjonen i USA og dei andre allierte har ingen strategi som kan tryggja demokrati og velstand for folket i Afghanistan. Det framstår som tydelegare enn nokon gong at Vestens monopolborgarskap jaktar på oljefelt og –leidningar i både Irak og Afghanistan. Dei viser imperialismen på sitt verste. Nato kan før eller seinare venta seg den same utgangen som Sovjet fekk i den afghanske fjellheimen: Nederlaget. Både på regjeringshald og i kommentatorspaltene kjem det fram skepsis til om krigen kan vinnast. Taliban er sannsynleg dei mest hardbalne stridsmennene på jorda, og dårleg motiverte heimevernsfolk frå Storbritannia og USA har ikkje dei beste føresetnadene for å slå dei. Det er trass alt Taliban med sine lokale allierte som slæst på heimebane. Opinionsmålingar viser òg at folk har gjennomskoda krigsretorikken til leidarskapet og oppfattar krigen som urettferdig. Sentrale Nato-land som Tyskland og Frankrike avviser å senda nye styrkar til krigen, og Canada, USAs næraste granne, trugar med å draga seg ut. Nato kranglar om vegen vidare. Eit spørsmål der meiningane òg er skilde internt i Nato, gjeld valmueåkrane. Britane har kritisert amerikanarane for å sprøyta desse åkrane med gift og soleis skuva den lokale folkesetnaden unna seg. Problemet er at opium er ei viktig eksportvare frå Afghanistan, og åkrane blømer for tida som aldri før. Kabul kan minna om Saigon mot slutten av Vietnam-krigen. Byen er full flyktningar og korrupsjon, medan vestlege kontraktørar, rådgjevarar og NGO-grupper fer omkring i skotsikre bilar. Dei vestlege styrkane greier ikkje lenger å tryggja ei einaste demning. Noko skule- og vegbyggjing veg ikkje opp det stygge hovudinntrykket: Nato-okkupasjonen har ufridom og undertrykkjing i kjølvatnet sitt. Å senda fleire soldatar til dei afghanske fjella vil berre utløysa meir fiendskap og hat. Dei amerikanske raida over grensa til Pakistan dyttar stammefolka i fanget på al-Qaeda. Sovjet gjorde det same mistaket i 1980-åra. Større sovjetiske herstyrkar auka gløden i opprøret mot sosialimperialismen. Utbomba landsbyar gjev god grorbotn for ekstrem islamisme, som vestlege forståsegpåarar ville rykkja opp med rota. Hamid Karzai, i utgangspunktet innsett som president for å vera lojal støttespelar for Vesten, er i ferd med å riva seg laus frå den vestlege alliansen. Han gjekk imot å få den britiske Lord Ashdown som ny koordinator i Kabul, og har òg utvist agentar som freista tinga med Taliban bak hans rygg. Han vil ha eigne provinsguvernørar og offiserar som ikkje alltid er like populære i augo til dei vestlege okkupantane. Det er svært mange ulike folkegrupper innanfor grensene av den afghanske staten, men er det nokon som kan sikra fred og frigjering i landet, må det vera ein landsmann som folk kan ha tillit til. Skal Karzai lukkast, må han bryta heilt med okkupantane. Norske styrkar har i mai 2008 vore med på harde kampar mot Taliban. Krigføringa er brutal og blodig, og Noreg viser seg om alt anna enn ein fredsnasjon. SV lova at nordmenn ikkje skulle vera med på nokon Nato-offensiv, men her òg enda det med lovnadsbrot. Nato ut or Afghanistan – frigjering for det afghanske folket!
Tilbake | Toppen | Utskriftsvenleg |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noregs kommunistiske studentforbund © 2008 • Design (txt) arnestad.org • phpWCMS |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||