Siste:


Heim > Fråsegner

Oppdatert 21/04/2008

NKS ynskjer maoistane i Nepal til lukke med valsigeren
Med glede mottek me meldinga om at Communist Party of Nepal (maoists) har vunne valet til grunnlovsgjevande forsamling. Dette tyder slutten for det eineveldige kongedømet og tidlegare regimet i landet og er endå eit skritt på vegen mot eit sosialistisk Nepal.

Sigeren tilhøyrer i første rekke det nepalske folket, som no kan kasta av seg hundreår med føydal undertrykking. Dei revolusjonære massene i landet har vunne enno eit viktig slag i kampen som starta då folkekrigen braut ut 13. april 1996. For oss i Noregs kommunistiske studentforbund stadfestar dette Maos parole om at "det er folket, og folket åleine, som er hovuddrivkrafta i verdshistoria". I det føydale Nepal er det breie lag av folket som kjempar saman mot eineveldet. Dette er også ein siger for den leninistiske partimodellen som CPN (m) representerer. Partiet tok initiativet til folkekrigen og har undervegs ført ei riktig masseline for å vinna flest mogeleg til støtte for kampen sin. Valresultatet no syner at partiet har gjort ein eineståande jobb. Utan marxismen-leninismen som rettesnor hadde dette vore umogeleg.

Påstandar om at maoistane har brukt vald og trugsmål for å få røyster er avvist av så ulike folk som Jimmy Carter og valobservatørane frå Sameinte nasjonar. Men dette er typisk for borgarskapet sin propaganda mot kommunistar, både i Nepal og i Vesten. Dei er ikkje interesserte i å endra dei sosiale tilhøva og står såleis i direkte motsetnad til dei undertrykte på jorda. Difor svertar dei også oss som freistar endra på makttilhøva. Dette er også tilfellet med borgarkrigen i Nepal, og CPN (m) er mellom dei organisasjonane som står på terrorlista til Sambandsstatane.

Me er byrge av å høyra til den same historiske tradisjonen som det suksessfulle CPN (m). I Noreg er marxist-leninistane i dag små, men ei verd som går i range retninga gjev oss godt vekstgrunnlag framover. Det er heilt naudsynt; kapitalismen kan ikkje halda fram og må kastast på skraphaugen ein gong for alle. Vi ynskjer folket i Nepal til lukke med valet og fortsette framgangar.


Tilbake | Toppen | Utskriftsvenleg

Noregs kommunistiske studentforbund © 2008 • Design (txt) arnestad.orgphpWCMS