Bologna-prosessen er ein prosess fram imot ein sams utdaningsmarknad i Europa der karakterar og utdaningsvegar skal vera kompatible, dvs. høva saman på tvers av landegrensene. Annakvart år møtest utdaningsministrane frå dei europeiske landa for å drøfta nye åtgjerder for å fremja føremålet om at Europa skal vera den mest tevleføre kunnskapsøkonomien i 2010. Øystein Djupedal møtte for Noreg på ministerkonferansen i London 17.-18. mai i år. Djupedal, som høyrer til SV og difor skulle vera både EU- og EØS-motstandar, innordna seg der tankegodset i Bologna-prosessen. Problemet for Djupedal var heller at 46 medlemsland i prosessen var for få. Han ville utvida talet. EU-kommisjonen er møtande observatør på ministerkonferansen, og alle som vil sjå, gjennomskodar at Bologna-prosessen og EU-integreringa går som hand i hanske. EU vil gjerne byggja opp ein tverrnasjonal akademisk elite som skal misjonera for EU-prosjektet i alle land. Soleis skipar dei ymse tilskotsordningar som utdaningsstader i EU- og EØS-området skal kniva med kvarandre om. EU stør òg Bolognaprosessen i tjukt og tunt.
Etter Irland er Noreg det landet som i størst grad har bøygd seg for Bologna-prosessen og endra utdaningsvesenet sitt.Djupedals servilitet avslører at EU-motstanden i SV-toppleiinga er veikare enn før. Skorten på eigna arbeidsplassar for ferdig utdana akademikarar i Noreg skal tydelegvis løysast ved å eksportera folk på tvers av landegrensene. EUs modells nærmar seg USAs; so er òg Europas sameinte statar visjonen til Brussel-byråkratiet. Noreg ofrar nasjonal serhått og kunnskapsbase for å eta kirsebær med ein overnasjonal akademisk EU-elite.
Av: Jan Erik Skretteberg
Talsperson Noregs kommunistiske studentforbund
Medlem Studentparlamentet i Oslo

