Av Jan Erik Skretteberg, talsperson for NKS
1. mai er tradisjonelt arbeidarklassens kampdag. Mange meiner at dagen har utspelt rolla si som kampdag og at arbeidarklassen ikkje har noko meir å kjempa for i eit så rikt land som Noreg. Dette er ikkje sant. Trass i at me har ei såkalt raudgrøn regjering, aukar skilnadene mellom folk i Noreg. Universelle velferdsordningar som AFP er under hardt press. Ryker AFP, vil det vera det største sosialpolitiske tilbakeslaget i Norge nokon gong, hevdar Erling Folkvord i den siste boka si, Operasjon heilomvending. For det er sånn at nokon taper og nokon vinn på regjeringa sitt framlegg til endringar i AFP. Regjeringa sitt framlegg straffar tidlegpensjonistar med ein nedgang på 22 % i pensjonen i høve til i dag, i tillegg kjem indekseringa og levealderjusteringa. Stortingsmeldinga føreslår å fjerna pensjonsopptjeninga i dagens AFP, redusera AFP til eit tillegg til folketrygda, likt for alle som er omfatta av ordninga, uavhengig av avgangstidspunkt.
Regjeringa sitt framlegg river både det økonomiske grunnlaget vekk under dagens AFP – ordning og fjerner opptening av rettar i folketrygda slik at AFP – pensjonistar etter 2010 blir pensjonstaparar. Dette er kva den raudgrøne regjeringa gjer mot sine eigne.
Verkstadklubben ved Aker Verdal med Stein Aamdal i spissen, har teke til motmæle mot dette og har invitert klubbar og LO-avdelingar over heile landet til ein kampanje for å forsvara AFP. Initiativet fra Verdal blir fulgt opp frå LO Trondheim. Den 9.mai er det nasjonal aksjonsdag for å redde AFP-ordninga – det blir politisk streik mange stadar i landet for at LO skal fremja krav om å vidareføra AFP ved tariffoppgjeret neste år. Det er godt at det finst folk og miljø til venstre for regjeringa som ser dette og vågar ta til motmæle mot dei såkalt raudgrøne.
Sist torsdag var det stor demonstrasjon i Oslo mot Nato-toppmøtet. Mest merksemd fikk dette på grunn av politiets overgrep mot demonstrantane i den ”uoffisielle” demoen etter ”hoveddemoen”. Politiet viste her at dei står på borgerskapet si side. Det som i utgangspunktet var ein fredelig demonstrasjon, Blitz og andre ville berre la seg HØYRA med trommer for at krigsministarane skulle forstå at dei også har motstandarrar mellom folk i Noreg. Resultatet var et grunnlaust åtak frå politiet, utstrakt bruk av tåregass og 260 arresterte, dei fleste utan grunn. Utanfor arresten i Oslo stod uroa kjærastar, vener og også foreldre og venta på at dei dei kjente skulle bli sluppe fri. Ein Dagbladet-fotograf var også mellom dei arresterte – som mange andre hadde han ikke provosert nokon med oppførselen sin – han var berre på feil stad til feil tid, sånn som Nato er i Irak og Afghanistan.
Ingen politikere våga å gå ut med kritikk av Nato før toppmøtet, trass i at SV framleis offisielt er motstandarar av norsk medlemskap i krigsalliansen. Noreg er i krig, men Fredsinitiativet er kastrert av SV. Eg var sjølv til stades på årsmøtet i Fredsinitiativet og så korleis SV-spelet i regjering har drepe ein organisasjon som hadde potensiale til å organisera massene med klare standpunkt rundt norsk deltaking i dei imperialistiske røvertokta til åtaksalliansen Nato. Men kvifor oppfører SV seg så merkeleg i denne samanhengen? Svaret er klart. Å delta i regjering har kosta for det som ein gong var eit fredsparti og som vart skipa på motstand mot Nato. I jakta på kompromiss som er ”leveleg for alle partar i regjeringa”, gjekk SV i vinter med på å senda fleire okkupasjonsstyrker til Afghanistan. Det er nett det same som SV seier at dei ikkje vil. I tillegg har dei fått det føre seg at dei norske spesialstyrkene som er på veg ned, ikkje kan bli sendt til krigshandlingar. Bjørn Jacobsen, forsvarspolitisk talsmann i SV, seier nemleg at me berre kan ta det med ro, norske soldatar skal ikkje sendast til det urolege Sør-Afghanistan. Men Jacobsen er anten ikkje kompetent til vervet sitt eller så lyg han medvete. Ved å bidra med troppar til Nato-styrkene, har norske styresmakter gjeve frå seg kontrollen over styrkene. Dersom Jacobsen medvete unngår å seia sanninga, tyder det at han ser på regjeringstaburettane som viktigare enn afghanske liv. Den norske regjeringa er ei krigsregjering.
Arbeiderpartiet er eit parti som vil ha oss inn i EU. Slik den politiske situasjonen er i dag, er det vanskeleg for eliten i Noreg å oppnå dette. Motstanden er rett og slett for stor for ein tredje framstøyt på å få Noreg inn i Europaunionen. Men borgerskapet har EØS, ein avtale som er svært så uheldig for det norske folket og for vanlige arbeidsfolk særleg. For å auka den frie flyten av arbeidskraft i Europa, har EU-toppene funne på noko dei kaller tenestedirektivet. Hovudsaka med direktivet er som sagt å auka den frie flyten av arbeidskraft i Europa ved at tenesteytande sektor skal ut på marknaden. Dette vil auka konkurransen, pressa lønene ned og gjera arbeidslivet hardare. Kampen mot sosial dumping vil bli svekt. EU-systemet har komme med ei heil rad framlegg til korleis en kan komplisera arbeidslivet mest mogeleg gjennom tenestedirektivet, og store delar av politikken blir til juss i staden. Kampen mot tenestedirektivet er ein annan viktig kamp arbeidsfolk står ovanfor.
EU tok ut helse og utdanning frå framlegget til tenestedirektiv for å få banka det gjennom utan stor motstand i eige system. Men i månadsskiftet januar/februar svarte den norske regjeringa på EUs henvending om eit eiga direktiv for helse. Og svaret var positivt. Takka vera journalist Tomas Vermes i Nationen, klarte neisida å snappa opp denne saka. Planen til dei som sit med makta i Noreg var å få helsedirektivet sakte og rolig gjennom systemet utan bråk frå gjenstridige folkerørsler som Nei til EU og fagforeiningane. For det er sånn dei ser på oss som yt motstand mot dei politiske linene til den norske regjeringa – me er ei torn i auget på dei, me er ikkje symbol på ”eit berikande fellesskap”, slik somme på venstresida ser ut til å oppfatta seg sjølv.
For sanninga er at det ikkje er store skilnaden på om det er dei såkalt raudgrøne eller kven det er som sit med regjeringsmakta. Sosialdemokratane i DNA og også i SV har lete seg rusa av ”maktens tinde”. For sosialdemokratane ynskjer ikkje å bryta med det eksisterande samfunnet. Det var i si tid Arbeidarpartiet som førte Noreg inn i Nato, og då den borgarlege koalisjonsregjeringa i 1971 var ein for dårleg reidskap til å føra Noreg inn i EF, fekk Det norske arbeiderparti jobben. Heldigvis lukkast dei ikkje, men eg må vel ikkje minna forsamlinga på at det var Gro Harlem Brundtland og regjeringa hennar som gjekk på det sviande nederlaget 28. november 1994! Det var partieliten i Det norske arbeiderparti som denne natta rett før advent måtte gråta dei bitraste tårene: ikkje berre hadde dei tapt folkerøystinga etter ein fabelaktig innsats av nei-aktivistar over heile landet, dei hadde også tapt andlet til dei folka som dei sjølv gav seg ut for å representera. Sidan den gongen har det berre gått nedover med Det norske arbeiderparti. Hausten 2005 måtte partiet for første gong knytta band til andre parti for å danna regjering. Kva denne regjeringa har prestert sidan då, har eg snakka litt om tidlegare i dag.
Same kva kommunistpartiet heiter, må det byggjast. Det må byggjast gjennom å bli organisert på eit tilstrekkeleg vis, partiet må byggjast for å kunne bli ei kampkraft som folk kan visa tillit til. Partiet må bli eit parti som mange respekterer. Partiet må byggja sine eigne folk til å ta politiske initiativ og til å gå først i politiske kampar. Partiet må vera tolsamt og tåla politiske tilbakeslag. Partiet må rekna med å bli omtalt i negative ordelag av politiske motstandarar. Kort sagt – partiet må bli sterkt og best mogeleg organisert. Me må treffa fleire folk, og me må få fram ein ny generasjon ungdom, ein generasjon ungdom som ein kan stola på at gjer dei rette analysane, som ein kan stola på at ser på rørsla som ein heilskap, ein levande organisme med ulike delar som gjer at den kan puste. Ei venninne av meg som studerer biologi snakker ofte om kva rolle dei ulike organa har hos eit menneske. Levra har til oppgåve å reinsa blodet. Dette er ei viktig oppgåve og må bli gjort heile tida. Lungene tek til seg luft. Hjartet bankar og jobbar og slit og presser blodet rundt omkring i kroppen. Omtrent sånn må partiet også fungera – det må bli utgjort av arbeidsmaur, av folk som reinser det for avfallstoff og av folk som tek opp noko nytt. Lever, hjarte og lungar, i ein organisme er desse delane avhengige av kvarandre, og sluttar den eine delen å verka, så døyr organismen. Til dette kan det bli innvendt at legevitskapen i dag har kome langt, at ein kan transplantera organ frå eit anna menneske, ja, til og med setja inn kunstige organ.
Til dette er mitt svar: dette gjeld diverre berre eit lite mindretal av dei menneska som finst i verda. Gapet mellom fattig og rik i verden er no så stort at dei tre rikaste i verda tener meir i året enn 43 av de fattigaste landa, med til saman 600 millionar innbyggjarar. Det er den økonomiske strukturen i verda som gjer dette. Den ulogiske kapitalismen, som ikkje dekker minimumsbehova til alle kvar dag, må bli avskaffa. Det er vår oppgave å gjera dette, det er vår oppgave å spreia ideen om ei betre verd kor det er plass til alle. Det er vår oppgave å avskaffa all krig og naud som er skapt av at mennesker er grådige og sit på hat mot andre menneskegrupper. Det er vår oppgave å syta for at Noreg tek sin del av dei flyktningane som kjem til landet – folk som ikkje har noko anna ynskje enn å leva trygt. Likevel har norske styresmakter hjarteråskap til å avvisa folk som med fare for eige liv flyktar frå krig. Som om det ikkje er plass nok i Noreg! Men dei som sit med makta i Noreg ser seg ikkje tent med at me hjelper mennesker i naud. Sidan ”systemet” deira ikkje har råd til det, så hjelper me heller ikkje til. Det er etter mi meining barbarisk og hjarterått at me skal ha eit slikt system.
Me som er radikale står andsynes store oppgåver, og oppgåvene blir berre i svært liten grad mindre for kvar dag. Den første og største oppgava er nok å bli fleire. Eg har langt frå noko fasitsvar på korleis me skal klara dette. Men hugs at dette, den 1.mai, den internasjonale kampdagen til arbeidsfolk, er ein dag til inspirasjon og glede for oss alle. Det er ein av dei dagane i året som absolutt mest fyller meg med høgtidsstemning. Lat oss feira 1.mai og oss sjølv før me gyver laus på dei store oppgåvene me har.
Gratulererer med dagen, arbeidsfolk!

