Siste:


Heim > Fråsegner

Oppdatert 11/03/2007

Stø dei demonstrerande studentane i Hellas!

VG skreiv 9.mars om at til saman 20.000 menneske, dei fleste studentar, deltok i demonstrasjonar torsdag 8.mars mot framlegget til den greske regjeringa om reformar innanfor den høgare utdanningssektoren. Hardast gjekk det føre seg i Aten – tjue vart skadde og førti demonstrantar fengsla på torsdag.

Bakgrunnen for demonstrasjonane er at den greske regjeringa har føreslått å privatisera store delar av sektoren for høgare utdanning. Desse demonstrasjonane har gått føre seg ein lang periode no og studentane kjem til å halda fram til det er røysting i parlamentet om framlegget.til regjeringa. I tillegg til gatedemonstrasjonar har også greske studentar streika og okkupert bygningar i protest mot marknadsrettinga og EU-ifiseringa.

Det greske kommunistpartiet KKE kallar framlegget til reform for reaksjonært og tilpassa marknadskreftene og EU. Ei revidering av § 16 i den greske grunnlova, som slår fast at all høgare utdanning i Hellas skal vera i regi av det offentlege og likt tilgjengeleg for alle, vil i første rad råka dei pengesvake og politisk opposisjonelle.

Endringane i utdanningssystema, som me kan sjå over heile EU- og EØS-området (Noreg er ikkje noko unntak), er eit resultat av EUs ynskje om å bli den mest konkurransedyktige økonomien i verda innan 2010, den såkalla Lisboa-strategien. Her skal utdanningssektoren gjerast mest mogeleg tilpassa næringslivet og det offentlege skal ha minst mogeleg kostnader. Me er mot desse endringane og vil halda fram kampen for lik rett til utdanning og reformar som tener studentane og dei tilsette. Me vil også halda fram kampen mot marknadsretting og EU-ifisering av høgare utdanning i Noreg. Difor oppmodar me til å stø dei greske kameratane i kampen deira mot kapitalmakta!

Lenkjer:

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=180211

http://revolusjon.no/index.php?option=com_content&task=view&id=550&Itemid=1

http://www.arbejderen.dk/index.aspx?F_ID=38734&TS_ID=2&S_ID=17&C_ID=205


Tilbake | Toppen | Utskriftsvenleg

Noregs kommunistiske studentforbund © 2008 • Design (txt) arnestad.orgphpWCMS